Min hage

-kalender...

Torsdag. 21. mai 2009

Våren kjem tidlig på Vestlandet.  Eg er veldig glad i våren, den grøne bjørka - snøkledde fjell -

Igjen er det tid for hagearbeid, planting, såing etc.  Det er terapi for kropp og sjel - koselig og inspirerande -

 

Surfinar

Hagen min består stort sett av krukker og "kar" av alle slag.  Det som skulle vere hagen min,  ei tragisk skråning, har vokst meg over hovudet forlengst -  den ser ut som eit kjedeleg granfelt - - -


Velkomen !

Litt pynt på veggen må til - i år som i fjor og i forfjor -
Vi har allerede hatt fleire veker med fint ver på Vestlandet,  i tillegg til litt regn.  I dag var eg ute på tunet og fotograferte - Alle plantane smilte til meg, trur eg    -      
Om ikkje så lenge  skal eg fotografere på nytt,  følge utviklinga med kamera  - - - det skal bli moro !

Melkespann til nytte - -

Melkespannet kan brukast til så mangt, eller hylkje som vi kallar det.   Eg har tre hylkje som vi kjøpte på auksjon -
Surfinaen med doble roser trives godt i silen -

Gryta hennar mor -

Stemor og kvite margeritter - - -

Forhåpentlegvis blir plantane  frodigare for kvar dag som går,  dersom veret blir bra ?

Surfinar og petunia

Ved inngangsdøra !
Hei!
Prøv å lage din egen hjemmeside som jeg.
Det er enkelt, og du kan prøve det helt gratis.
ANNONSE